Klipp fra
marits meiningar om ditt og datt
torsdag 13. januar 2011
Lukkelandet
Om papirlause borgararI dag er det debatt i alle kanalar, Maria Amelie blei henta og fengsla i går kveld. Ho, som vart kåra til Årets nordmann i fjor. Ho er sympatisk, ho er glup, og ho er lett å like. Attpå alt er ho så trygg på seg sjølv, at ho gir ut bok og held foredrag om å leve som papirlaus i Noreg.
Når eg meiner ho må kunne få bli, så er det fordi eg meiner lova alltid må vere opa for å tene det ho er skapt for. Lova er ikkje til for sin eigen del.
Lova sin intensjon må vere å sørge for at dei borgarane som bur i dette landet, og som utgjer det vi kallar Norges befolkning, har her noko å gjere. Vil høyre til her, ta ansvar her, vere lojal mot dei verdiane vi har i dette landet.
Dei siste 20 åra har eg arbeidd med flyktningar. Veldig mange har eg møtt, samtalt med, lytta til, coacha og følgt gjennom år.
Det er ikkje alltid at beskyttelsesbehovet er framtredande. Men oftast er det det.
I blant kan motivet for å slå seg ned i Noreg vere eit anna. Lukkelandet, trur nokre at dei er komne til. Men det er før dei har streva seg på glattisen i motvind langs Storgata på veg til norskundervisning.
Det er før dei erfarar at straumrekninga tar halve inntekta.
Det er før dei har opplevd korleis det sekulære Norge ikkje har respekt for dei gamle, ikkje held høgtider og slett ikkje kan å lage festar.
Men når innsatsen for å kome hit har vore kjempestor, er det viktig å halde på overtydinga om at det er Lukkelandet dette.
Når folk som har fått etterlengta beskyttelse protesterer på måten, då tenker eg at dei gjerne signaliserer at beskyttelse ikkje er hovudsak.
Eg tenker at Maria Amelie nok har eit anna behov for å vere i Noreg, enn for å bli beskytta.
Og eg har full forståelse for at ho vil halde fram med å bu her, og eg ser heller ingen grunn til at ho ikkje skal kunne bli buande. Men på rette premissar.
Det er bra at ho no har fått sett på dagsorden ein debatt, forhåpentlegvis om kva beskyttelse er for noko.
Kva skal vere innhaldet i den beskyttelse vi gir til dei som treng.
Mange norske kommuner jobbar med beskyttelse av flyktningar.
Det er ikkje alltid at fokuset er stilt godt nok inn, på målet.
Det kan nok ofte bli litt som å skyte på blink med hagle.
Noko treff sikkert, her og der, av dei tiltak og dei investeringar vi gjer.
Takk til dagens tøffe helt, Marie Amelie, som eg trur heilt bevisst har fått fram ein heit diskusjon om kven som får bli i dette landet, og kven som ikkje får bli. Og ikkje minst kvifor.
Mitt svar er som følger
Merkelig at du ikke har fått flere kommentarer på dette innlegget!
Hadde tenkt til å skrive noe om temaet på bloggen Ordet er Mitt, men foreløpig har jeg ikke fått tid.
Likhet for loven er min parole.
Vil sjølsagt at Maria skal få bli, men på rette premisser. Andre folk (les: fra utlandet) får arbeidstillatelse- så hvorfor skulle ikke Maria også, men ho må søke fra utlandet som alle de andre.... og hvorfor kan de ikke gifte seg først som sist hvis Maria og kjæresten har tenkt til å leve sammen resten av livet. Hva er viktigst: å være stolt eller gå til det skrittet å gifte seg for å løse et problem (det blir jo ikke noe proforma ekteskap).
Klipper og limer denne kommenateren inn i min egen blogg - og slår to fluer i et smekk!
Ser jeg har vært litt rask i mitt forfatterskap og setningene i kommentarfeltet noe usammenhengende.
PS
Nok er poeng er kansksje at Maria nettopp hadde til hensikt å sette dette med å være en papirløs borger i Norge på dagsordenen. At ho har så stor trang til å fronte denne saken på bekostning av eget liv i Norge, kan jeg ikke begripe - hvis så er tilfelle, er ho deres Moder Theresa!
DS
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Har du også en menig?